Vibrio-bakterier
Vibrio-bakterier kan gje sjukdom av ulik alvorlegheitsgrad.
Artane Vibrio parahaemolyticus, Vibrio cholerae og Vibrio vulnificus kan gje sjukdom hjå menneske. V. cholerae kan, som namnet seier, gje kolera, men dei andre fører til mindre alvorleg sjukdom som gastroenteritt og sårinfeksjonar.
Bakteriene finnst som miljøbakterier i sjøvatn og brakkvatn i tropiske og tempererte strøk, og dermed i sjømat frå desse områda. Vibrio-bakterier som gjev sjukdom hjå menneske er svært uvanlege langs norskekysten fordi vatnet her er for kaldt.
Skjell kan innehalde store mengder av Vibrio-bakterier fordi dei filtrerer store mengder vatn og dermed lett tek opp Vibrio-bakterier frå vatnet.
På fisk kan bakteriene finnast på gjellene, men kan også vera i tarm og på skinn. Bakteriene blir drepne ved varmebehandling.
Bakteriene synest å vandre nordover, i takt med auken i sjøvasstemperaturen. Per i dag er bakteriene relativt vanlege i sjøvatn og skjell så langt nord som til England. Undersøkingar av skjell i Italia dei seinare åra viser at sjukdomsframkallande Vibrio-artar finnst i ein stor del av lokale skjell ved hausting, men at berre ein liten brøkdel av bakteriene har eigenskapane som skal til for å gje sjukdom. Tilsvarande forhold gjeld for andre område med varmt sjøvatn og brakkvatn.
I praksis betyr dette at det er relativt vanleg å finne Vibrio-bakterier i rå sjømat (eksempelvis østers) som er importert frå varme farvatn, men at det er berre er i nokon tilfeller dei fører til sjukdom.
Regn og forureining aukar risikoen for at sjømat skal innehalde Vibrio-bakterier.
Andre Vibrio-bakterier som ikkje gjev sjukdom hjå menneske er vanlege langs norskekysten, og er årsak til fiskesjukdommar som kaldtvassvibrose og vintersår.
Forebygging
Vibrio-bakterier blir drept ved koking eller tilsvarande varmebehandling. Konsum av rå sjømat som er importert, kan representere en risiko for utvikling av sjukdom.