Hugs å vaske hendene på tur

Når du lagar og serverer mat, er det viktig å ha god handhygiene for å unngå bakteriar i maten. Dette er minst like viktig når du lagar mat ute, på ein piknik eller grilltur. Hugs å ta med deg våtserviettar eller handdesinfeksjonsmiddel.

Hender som vasker med hvit serviett

Du bør alltid vaske hendene før du lagar mat, et mat, mellom handtering av ulike matvarer og sjølvsagt etter toalettbesøk. Når du er ute på tur, er det større sjanse for at du har teke på ting med bakteriar, enn når du er på ditt eige kjøkken.

Dersom du ikkje har tilgang på reint vatn å vaske deg i der du skal lage eller servere maten, er desinfiserande våtserviettar eller eit handdesinfeksjonsmiddel ei god løysing.

Hugseliste når du lagar mat ute på tur

  • Vask hendene.
  • Bruk reine reiskapar.
  • Ha god varme – kjøl ned raskt.
  • Hald varm mat varm og kald mat kald.
  • Hald rå og ferdig mat frå kvarandre.

Hald maten kald

Det er viktig å vere merksam på at varme er eit glimrande vekstgrunnlag for bakteriar i mat. Jo lenger du oppbevarer maten ute, desto større er sjansen for oppblomstring av sjukdomsframkallande bakteriar. Bruk kjølebag når det er mogleg. Du kan også leggje eit kjøleelement eller djupfryste matvarer saman med dei matvarene som har størst behov for kjølig lagring.

Ver ekstra nøye med god nedkjøling av desse matvarene:

  • mat som inneheld mjølkeprodukt
  • kjøtt, fisk og fjørfe, og produkt som er laga av desse råstoffa
  • mat som inneheld egg

La aldri maten stå ute utan at han er dekt til. Både insekt og fuglar har bakteriar i seg og er smitteberarar. Kjæledyr bør haldast borte frå området der du lagar mat.

Gode råd om hygiene finn du på Mattilsynets miniplakat Ikkje nok å vere god kokk

God tur!