Fakta og bakgrunn:

Åtvarar mot djupvassfisk og skjel i Sørfjorden/Hardangerfjorden

Undersøkingar viser at det er høge nivå av miljøgifter i brosme, lange, blålange og skjel ulike stader i Sørfjorden/Hardangerfjorden.

Mattilsynet åtvarar difor fritidsfiskarar mot:

  • Å ete brosme og blålange fiska innanfor ei line mellom Flornes (Tysnes) og Breidvika/Bleikneset (Husnes).
  • Å ete lange fiska innanfor ei line mellom Tørvikbygd og Jondal i Hardangerfjorden/Sørfjorden.
  • Å ete skjel plukka frå Sørfjorden innanfor ei line mellom Grimo og Krossanes i Sørfjorden.
  • Gravide og ammande bør ikkje ete krabber, hummar eller stasjonær fisk fanga i Sørfjorden innanfor ei line mellom Grimo og Krossanes.

Åtvaringane er basert på resultata frå undersøkingar NIFES har gjort for Mattilsynet og NIVAs undersøkingar gjort for Miljødirektoratet. Begge viser at det er høge nivå av miljøgifter i skjel og djupvassfisk fleire stader.

Oversikt over åtvaringar i hamner, fjordar og innsjøar med forureining