Koriander i hagen

I Noreg er koriander blitt mykje brukt dei siste åra. Det skuldast truleg at kjøkkenet vårt er vorte meir internasjonalt. Koriander kan du dyrke sjølv i din eigen hage.

Koriander er høgt verdsett i dei latinamerikanske landa, Karibia, India og Kina. Aller mest er koriander brukt i Søraust-Asia.

Stort bruksområde

Du kan bruke både blada og frøa i koriander. Blada høver godt til salatar, grønsaker og fjørferetter.

I Nord-Europa har vi mest tradisjon for å bruke dei modne frøa av koriander.

Frøa har ein rund kryddersmak, heilt ulik smaken av blada. Desse høver godt til retter av ris og tomatchutney. Koriander er også ypparleg til grønsaker, supper, sausar og kjeks. Mange kjenner kanskje dei heile frøa igjen frå sursildoppskrifter.

Krev ein varm og tørr sommar

Koriander vil ha mykje sol og lett næringsrik jord. Plantene må ikkje tørke ut. Jord rein for ugras og tidleg såing for å utnytte vekstsesongen er også viktig.

For hobbydyrking er det ikkje så avgjerande med sortar. Men skal ein bruke blada vil sorten "Santo" vere eit godt alternativ. Denne sorten er først og fremst ein bladkoriander, men ein kan også bruke dei modne frøa når desse er blitt brune.

I dei aller beste klimasonene i Noreg kan modent frø overvintre og opptre som ugras året etter.