Mange nye matvarer i Matvaretabellen 2020

Matvaretabellen er oppdatert med mange nye middagsrettar. Det er òg eit større utval av smoothie, kaker og barnemat på glas. Margarin, majones, oppdrettslaks og morsmjølkerstatning er blant matvarene som har oppdaterte næringsstoffverdiar.

Åpningsbildet på Matvaretabellen

 Foto: Mattilsynet

- I årets versjon av Matvaretabellen har vi utvida utvalet av heimelaga middagsrettar, deriblant supper, pizza, gryter og vegetarrettar, seier seniorrådgjevar Jorån Østerholt Dalane i Mattilsynet. Heimelaga bakverk som knekkebrød, horn og bagels er òg nye matvarer. Totalt er det 115 nye matvarer og 50 matvarer som har oppdaterte næringsstoffverdiar.

Samla oversikt

Matvaretabellen gjev ei samla oversikt over innhald av energi og næringsstoff i dei vanlegaste matvarene vi et i Noreg, og dannar grunnlaget for berekning av inntaket av ulike næringsstoff for enkeltpersonar og grupper.

- Tabellen er eit viktig oppslagsverk og reiskap i matforvaltning og ernæringspolitikk, i undervisning og opplysningsarbeid og for helsepersonell og forskarar. Tabellen nyttast òg av matvareindustrien som grunnlag for næringsdeklarasjonar og ved matvareproduksjon, seier Dalane.

Den offisielle norske matvaretabellen finansierast av Mattilsynet. Det er Mattilsynet og avdeling for ernæringsvitskap ved Universitetet i Oslo som utfører det praktiske arbeidet.

Kostholdsplanleggeren

Kostholdsplanleggeren er ei gratis nettside for kostberekning, der ein kan berekne summen av næringsinnhald i registrerte matvarer og rettar og samanlikne med norske anbefalingar for inntak av energi og næringsstoff. Matvarene i Kostholdsplanleggeren er henta frå Matvaretabellen. Etter planen vil Kostholdsplanleggeren oppdaterast med dei nye verdiane i Matvaretabellen 2020 i løpet av november.