Nytt i Matvaretabellens 2022-versjon

Matvaretabellen 2022 (MVT-22) har 69 nye matvarer, 709 matvarer har fått oppdaterte tabellverdiar, og 30 matvarer er sletta. Liste over alle nye matvarer, matvarer med reviderte tabellverdiar og sletta matvarer er i vedlegget "Endringer i Matvaretabellen siden 2021".

Nye matvarer

I MVT-2022 er det lagt til 69 heilt nye matvarer. Dei nye matvarene har næringsstoffverdiar som er motteke frå industrien, frå analyseprosjektet og frå berekning av oppskrifter. Liste med namn og matvarenummer på alle nye matvarer er tilgjengeleg i vedlegget Endringer i Matvaretabellen siden 2021,sjå arket for "Nye matvarer". Dei nye matvarene er i følgjande grupper og undergrupper:

  • Mjølk og mjøllkeprodukt (7)
  • Fjørfe og kjøt (6)
  • Fisk og skaldyr (3)
  • Poteter, grønsaker, frukt og bær (26)
  • Korn- og bakevarer, frø og nøtter (4)
  • Drikke (2)
  • Margarin, smør og matolje (2)
  • Sukker og søte produkt (1)
  • Diverse rettar, produkt og ingrediensar (18)

Matvarer med oppdaterte tabellverdiar

I alt 709 matvarer har fått oppdaterte tabellverdiar. Liste med namn og matvarenummer på alle oppdaterte matvarer er tilgjengeleg i vedlegget Endringer i Matvaretabellen siden 2021, sjå ark for "Reviderte matvarer". Desse finst i følgjande grupper og undergrupper:

  • Mjølk og meieriprodukt (16)
  • Egg (10)
  • Fisk og skalldyr (121)
  • Fjørfe og kjøt (93)
  • Korn- og bakevarer, frø og nøtter (200)
  • Poteter, grønsaker, frukt og bær (100)
  • Margarin, smør, matolje o.l. (11)
  • Sukker og søte produkt (6)
  • Drikke (26)
  • Diverse rettar, produkt og ingrediensar (108)
  • Spedbarnsmat (18)

I tillegg til endringane nemnt her, har nesten alle matvarene fått oppdaterte verdiar for sukkerartar og tilsett sukker. Matvarer som ikkje har andre endringar enn dei nye verdiane for tilsett sukker, er ikkje med i oversikten over oppdaterte matvarer.

Sletta matvarer

Sidan førre versjon av Matvaretabellen er det teke ut 30 matvarer. Liste med namn og matvarenummer på dei sletta matvarene er tilgjengeleg i vedlegget Endringer i Matvaretabellen siden 2021, sjå ark for Sletta matvarer. Desse var i følgjande grupper og undergrupper:

  • Mjølk og meieriprodukt (2)
  • Fjørfe og kjøt (6)
  • Fisk og skaldyr (2)
  • Korn og bakervarer, frø og nøtter (7)
  • Poteter og grønsaker, frukt og bær (1)
  • Smør, margarin, matoljer o.l. (1)
  • Drikke (5)
  • Diverse rettar, produkt og ingrediensar (4)

 

Om arbeidet med Matvaretabellen 2022

Den offisielle norske matvaretabellen er eit viktig verktøy i styresmaktenes arbeid med overvaking av utviklinga i kosthaldet. Arbeidet med MVT-22 har vore leia av Mattilsynet.Det praktiske arbeidet er utført ved Mattilsynet og Avdeling for ernæringsvitenskap, Universitetet i Oslo.