Nasjonal tilsynskampanje kostilskot 2006: Fire av 95 heldt mål

Over 90 prosent av dei undersøkte kosttilskots-produkta hadde manglar ved merking eller marknadsføring, syner rapporten frå den nasjonale tilsynskampanjen på kosttilskot for 2006 som no ligg føre. Mattilsynet finn resultata nedslåande.

Ulike typer kosttilskudd i en skål.

 Foto: Mattilsynet

Over 90 prosent av dei undersøkte kosttilskots-produkta hadde manglar ved merking eller marknadsføring, syner rapporten frå den nasjonale tilsynskampanjen på kosttilskot for 2006 som no ligg føre. Mattilsynet finn resultata nedslåande.

Mattilsynet har gjennomført ein nasjonal tilsynskampanje på kosttilskot med fokus på merking og marknadsføring. No er sluttrapporten frå denne kampanjen klår. Av 95 undersøkte import-, grossist- og produksjonsverksemder var det berre fire som verken hadde manglar ved internkontrollen eller manglar på merking eller marknadsføring av produkta.

Inspektørane blei oppfordra til å ta ut produkt som var marknadsført med medisinske påstandar, helsepåstandar eller som hadde andre openberre manglar ved merkinga. Resultata frå produktvurderinga vil derfor ikkje representere eit reelt gjennomsnitt av det som finst på marknaden i dag.

Resultata viste ingen klare skilnadar i regelverksetterlevnaden for store og små verksemder. Det er heller ingen klåre forskjellar i regelverksetterlevnaden når det gjeldt salsmåte.

Omsetnaden av ni produkt blei stoppa hausten 2006 på grunn av innhald som tilsa at produktet var legemiddel (les saka her).

Berre 31 prosent av produkta blei marknadsført i samsvar med næringsmiddellovgivninga. Heile 39 prosent blei marknadsført med medisinske påstandar som ikkje er tillate brukt på kosttilskot. Av 196 undersøkte produkt var det berre 17 som ikkje hadde manglar ved merking eller marknadsføring. - Dette viser tydeleg at internkontrollen til verksemdene ikkje alltid fungerer i praksis sjøl om det kan sjå slik ut på papiret, seier Anne Kristi Sommer, prosjektleiar for kampanjen.

Nedslåande resultat

Mattilsynet meiner resultata er nedslåande, og at dette syner at deler av kosttilskottbransjen ikkje held seg til gjeldande regelverk. Forbrukarane blir i mange høve lurde ved at dei kjøper produkt som ikkje held kva dei lovar. Mattilsynet er i dialog med Bransjerådet for naturmiddel for at dei skal sjå sitt ansvar og syte for at dei naudsynte endringane blir gjennomførde. Mattilsynet vil på si side fortsetje arbeidet med naudsynte klargjeringar i regelverket. Dette vil også omfatte grensedraging til Legemiddelverket sitt ansvarsområde.

- Vi tykkjer det er positivt at Mattilsynet har gjennomført tilsynskampanjen for kosttilskot, seier jurist Hanne Kofstadmoen i Statens legemiddelverk. - Det er eit omfattande problem at kosttilskot blir markedsført med medisinske påstandar, slik at produkta gjer seg ut for å ha verknad mot sjukdomar, seier ho.

- Produkt som blir marknadsført med at dei har ein medisinsk verknad, blir definert som eit legemiddel, sjøl om dei ikkje inneheld legemiddelstoff. Legemiddel kan ikkje seljast i Noreg før Legemiddelverket har gitt tillating til det. Alle legemiddel som blir tillatt å selje, blir grundig vurdert med omsyn til kvalitet, om dei er sikre å bruke og om dei har forventa verknad. Legemiddel skal som hovudregel omsetjast via godkjent apotek.

Sjå rapporten frå kosttilskotkampanjen på www.mattilsynet.no

Kontaktperson i Mattilsynet

  • Anne Kristi Sommer, prosjektleiar for kosttilskotkampanjen Tlf. 64 94 43 83, mobil 993 80 520
  • Helgunn Bruaset Brath, prosjektdeltakar, Tlf. 33 37 99 15, mobil 91 62 65 15

Kontaktperson i Statens legemiddelverk:

  • Hanne Kofstadmoen, rådgjevar, juristene@legemiddelverket.no, Tlf: 22 89 75 44