Sjekka import-sjømat for uønskte stoff

I 122 stikkprøver av importert sjømat fann havforskarane eit par overskridingar av EU sine grenseverdiar.

Norge er forpliktet til å utføre veterinær grensekontroll av varer som blir importert til EU/EØS-området fra land utenfor dette området. Foto: Helge Skodvin / Havforskningsinstituttet

Overvaking av importert sjømat

  • Årleg overvaking på vegner av Mattilsynet
  • Norge er forplikta til å gjere såkalla «veterinær grensekontroll» av varer som blir importert til EU/EØS.
  • Mattilsynet tar stikkprøver som havforskarane analyserer.
  • Skal avdekke varer som kan sette mattryggleiken i fare.
  • Ein grenseverdi er den maksimale mengda av eit stoff som er tillatt i et produkt som skal seljast på marknaden.

Undersøkinga er ei årleg overvaking på vegner av Mattilsynet. Havforskarane ser etter utvalde kjemiske stoff, parasittar og bakteriar folk kan bli sjuke av.

– Vi fann Vibrio-bakteriar i to prøver av scampi. Men ved nærmare analyse, viste det seg å vere ein av dei mange harmlause variantane, fortel forskar Martin Wiech.

Fann bakteriar i norsk sild frå Egypt

Forskarane fann også såkalla H2S-produserande bakteriar. Dei er ikkje ein helsefare i seg sjølv, men seier noko om kvaliteten i sjømaten. Dette gjaldt prøver av tunfisk og yellowtail frå Stillehavet og østers frå Canada.

Det er ikkje fastsette grenseverdiar for desse bakteriane.

– Vi gjorde eitt funn av Listeria-bakteriar i norsk sild som var eksportert til Egypt, men sendt tilbake igjen til Norge grunna plassmangel i lokale fryselager, fortel forskaren.

Kveisen var daud

Vidare fann dei rundormen kveis i 9 av 40 undersøkte prøver, mest i torsk frå Russland. Fisken var fryst, og parasittane daude. Frossen eller varmebehandla kveis er ikkje rekna som farleg for folk.

– Kveis er også vanleg i norsk, villfanga fisk, minner Wiech om.

Tre prøver hadde for mykje tungmetall

I 89 prøver såg forskarane etter tungmetall. I høvesvis éin prøve kvar fann dei kadmium, bly og kvikksølv over EU sin grenseverdi.

– Det gjeld ein prøve av hermetisert sardin, av tunfiskfilet og av små krabbar, alle frå Asia, seier Wiech.

– Når det gjeld legemiddel, fann vi ingen restar av ulovlege stoff, avsluttar han.

Sjå samandrag og rapporten på Mattilsynet.no